Det er frå snarast ledig to x 100% faste stillingar som fagarbeidar ved teknisk eining, uteseksjonen. Teknisk uteseksjon har ansvar for vedlikehald av alle kommunale parkar, grøntområde og kyrkjegardar, og deltek òg aktivt i utviklinga av nyanlegg innanfor alle ansvarsområde.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Rolf Martinsen, Ingeniør, 92898858
Svein Erik Bakken, Avdelingsleiar, +47 94781451
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5125810029
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.06.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.