Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for lunge, fordøying og indremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø? Då søker vi nettopp deg til sengeposten vår på SNR!
Vi har endra struktur og får derfor ledige faste stillingar hos oss. Vi har også ledige vikariat. Oppgi gjerne kva stillig - og stillingsstorleik du ser for deg. Søknadar vurderast fortløpande.
1 x 100 % fast stilling
1 x 80 % fast stilling
3 x 100 % vikariat f.o.m 1/6-26 t.o.m 31/8-27
Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette. Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det.
Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Du får jobbe i eit nytt, moderne og framtidsretta sjukehus. Nye digitale arbeidsverktøy og konsept bidrar både til økt pasientryggleik og bedre arbeidsflyt.
Høyrast dette spennande ut? Send oss ein søknad og bli med på laget!
Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!
Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 HJELSET
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5094612759
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 10.05.2026