Ved Avdeling for oseanografi og maritim meteorologi (OM) i Havdivisjonen til Meteorologisk institutt (MET) i Bergen er det ledig ei midlertidig treårig stilling som prosjektassistent (stillingskode forskar 1108) i det nye EU-prosjektet EU-FUSION. Prosjektet omhandlar utvikling og tilrettelegging av maskinlæringsmetodar til bruk på våre oseanografiske og meteorologiske datasett.
MET varslar vêret, overvakar klimaet og driv forsking. Sidan instituttet vart etablert i 1866, har norske meteorologar stått sentralt i utviklinga av faget. MET er i dag eit leiande internasjonalt kompetansemiljø. Ved OM-avdelinga i Bergen er tryggleiken til sjøs eit viktig tema. Vi har ansvaret for utviklinga av bølgevarslingstenestene og for dei operasjonelle beredskapsmodellane som bereknar drift i sjøen for slik som olje, skip og søk- og redningsobjekt. Vi har dei siste åra brukt mykje ressursar på å utvikle det nye klimaarkivet NORA3. Vi har eit ansvar for å gjere meteorologiske og oseanografiske (metocean) data tilgjengelege for offentlege etatar samt offshoreindustrien og havvindnæringa. NORA3 og andre klimadata vil bli tilrettelagt for brukarar av våre tenester i EU-FUSION. Det er difor stort behov for arbeid knytt til tilrettelegging av klimadata. Ein viktig del av denne stillinga vil difor vere knytt til effektivisering og til dels automatisering av uttrekk av data frå våre klima-arkiv.
Stillinga skal yte fagleg støtte til koordinering av forsking i prosjektet EU-FUSION og skal bidra til forskinga i prosjektet. Stillinga skal også yte administrativ og praktisk støtte til prosjektet. Sentrale oppgåver blir:
Stillinga byr på spennande utfordringar i eit godt miljø med høgt tempo og samarbeid med fagmiljø internt, nasjonalt og internasjonalt. I denne stillinga er det særskilde krav til norskkunnskapar då det vil vere mykje kontakt med brukargrupper i statlege institusjonar og norsk industri.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og ynskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, arbeidserfaring, kjønn, livserfaring og perspektiv. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss uavhengig av etnisk bakgrunn, alder eller funksjonsevne.
Vi praktiserer positiv særbehandling og vil kalle inn minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju: søkarar med funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. For å bli vurdert i ein eller fleire av desse kategoriane må du markere rett kategori i søknaden.
Funksjonsnedsetting: Søkarar som har behov for tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet.
Innvandrarbakgrunn: Søkarar som sjølve har innvandra til Noreg, eller som er fødde i Noreg med to foreldre som begge har innvandra til Noreg.
Hol i CV: Søkarar som har hatt opphald frå arbeid, utdanning eller opplæring i til saman minst to år dei siste fem åra på grunn av til dømes fysisk eller psykisk sjukdom eller skade, rus eller soning.
Avkryssingane kan bli brukte til anonymisert statistikk eller rapporteringsføremål.
Offentleggjering av søkarliste til stillingar i offentleg sektor er eit viktig prinsipp for å sikre openheit. Dersom du ynskjer at namnet ditt skal unntakast frå søkarlista, må du sjølv be om det og gje oss ei grunngjeving. For at du skal kunne unntakast frå offentleg søkarliste, må grunngjevinga di vege tyngre enn omsynet til innsyn i søkarlista. Dersom ynsket ditt ikkje blir teken til følge, vil du ha høve til å trekke søknaden.
Søknaden med CV og andre vedlegg skal sendast elektronisk via Jobbnorge.no. Legg ved attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på norsk, eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsettingar må vere autoriserte. Før ei eventuell tilsetting vil vi kontrollere dokumenta. Ved utanlandsk utdanning ber vi om at du legg ved ei forklaring av karaktersystemet.
Meteorologisk institutt varslar vêret, overvakar klimaet og driv samfunnskritisk forsking. Vi har levert kritiske, meteorologiske tenester til det norske samfunnet i over 150 år. Vi sørger for at redningshelikopter kjem trygt fram, og at beredskapsetatane er førebudde på ekstremvêr og anna farleg vêr. Våre spesialtenester blir brukte ved luftforureining, oljeutslepp, vulkanutbrot og atomulykker. Felles for alt arbeidet vårt er hovudmålet om å sikre liv og verdiar. Kvar dag er òg Yr ein del av planlegginga til folk innanlands og utanlands.
Moderne meteorologi krev handtering og analyse av enorme datamengder, og byr på store og spennande faglege utfordringar.
Vi har òg eit forskarmiljø med rundt 180 forskarar innanfor vêr, hav, luftkvalitet og samfunnstryggleik. Vi er i dag eit leiande internasjonalt kompetansemiljø innan varsling og klimaforsking med hovudkontor i Oslo og kontor i Tromsø og Bergen. Blant våre samarbeidspartnarar finn du mellom anna Statens vegvesen, NTB, Avinor, Bane NOR, Miljødirektoratet, Folkehelseinstituttet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Forsvaret, Luftfartstilsynet og mange fleire. Du kan lese meir om kva vi gjer på strategi.met.no
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.