Daggry barnehage - "Ein god stad å vere, leike og lære".
Vi behov for fleire dyktige medarbeidarar, vil du bli med?
Vi ser etter to engasjerte og dyktige barnehagelærerar som brenner for barns leik, læring og utvikling.
For oss er det viktig at de som søkjer har:
Godkjent barnehagelærerutdanning, anna pedagogisk utdanning retta mot barn kan vurderast
Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i arbeidsfellesskapet
Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Er motivert til å delta aktivt i barnas leik og utvikling
Politiattest av nyare dato må framleggjast
Dagleg leiing av det pedagogiske arbeidet og organisering i avdeling
Arbeide i tråd med barnehagen sine verdiar og barnesyn
Omsorg for enkelt barn og barnegruppa
Delta og utvikle barna sin leik og tilretteleggje for utvikling av venskap og inkludering. Vere med å skape eit trygt og utfordrande leike- og lærigsmiljø for barna
Bidra til eit trygt å godt barnehagemiljø for både barn, føresette og tilsette
Vere ein aktiv del av barnehagens leiarteam
Samarbeide med andre avdelingar og instansar ved behov
Hos oss får de ein barnehage med godt verdigrunnlag, der vi skaper trygge, inspirerande og leikende dager for barna. Som ein del av vårt team vil de få ein meiningsfull arbeidskvardag i eit miljø der trivsel og utvikling står i fokus.
Vi kan tilby:
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Ny og moderne barnehage, med naturen tett på
Gode turmoglegheite i skog, fjell og fjøre
Lønn etter PBL-tariff
Gode pensjonsordningar i Storebrand
Daggry barnehage ligg idyllisk til i eit roleg boligområde, ved Valderøy barneskule.
Barnehagen er ny og moderne og består av 4 avdelinger. Vi har flotte turområder med både skog, fjell og fjøre tett på. Dette gir oss lett tilgang til å bruke nærområdet aktivt i det pedagogiske arbeidet, med fokus på naturglede, utforsking, fysisk aktivitet og gode opplevingar i naturen.
Kvar avdeling har gode grupperom og kjøkkenkrorkar tilknytta si avdeling. Vi har flotte fellesrom tilgjengeleg for både barna og personalet: gymsal, felles kjøkken, bibliotek, møte- og arbeidsrom.
Godt arbeidsmiljø, inkludering, språkleg og sosial utvikling, gode verdier, læring gjennom leik, sang og musikk og bruk av naturen, er med på å gjer barnehagen vår til ein god stad å vere, leike og lære!
Velkommen til oss!
Meir informasjon om barnehagen og våre kjerneverdier og pedagogiske grunnlag finn du på heimesida vår.
IMF Sunnmøre eig og driv barnehagen med utvida kristen formålsparagraf.