Valle skule søkjer etter inntil to barne- og ungdomsarbeidarar/assistent i inntil 80 % stilling, med oppstart 01.08.2026. Den eine stillinga er eit vikariat. Den andre er ei mellombels stilling.
Stillingane inneber å arbeide tett på elevar i både skule og SFO. Du vil samarbeide nært med lærarar og andre tilsette for å fremje læring, trivsel og meistring i eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Valle skule er ein 1. - 7.trinns skule med ca. 110 elevar og 20 ansatte.
Trude Lianes, Assisterende rektor, 482 75 313, trude.lianes@alesund.kommune.no
Håvard Valderhaug, Rektor, 997 48 995, havard.valderhaug@alesund.kommune.no
Vallemyrane 1
6260 Skodje
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5116289780
Stillingsprosent: 80%
Anna
Søknadsfrist: 24.05.2026
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.