Teknisk eining har ansvaret for utbygging, forvaltning og drift, samt saksbehandling av alle fagområda innan veg, vatn, avløp, park og miljø/forureining. Avdelinga har i dag 15 høgt kvalifiserte tilsette, med eit inkluderande arbeidsmiljø bygd på openheit og samarbeid
Du vil som VA-ingeniør ha eit spesielt ansvar for saksbehandling avløp og prosjektleiing av avløpsanlegg. Giske kommune skal i framtida bygge fleire store avløpsanlegg. Avløp renseanlegg på Gjøsund, store overføringsanlegg på Valderøya og Vigra og mange mindre avløpsprosjekt rundt i kommunen. Som VA ingeniør vil du vere ein viktig del av dette arbeidet.
Generell sakshandsaming og støtte til driftsavdeling må også påreknast.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka til stillinga.
Rolf Martinsen, Ingeniør, 928 98 858
Svein Andrè Johansen, Einingsleiar, 90862954
Svein Erik Bakken, Avdelingsleiar, 94781451
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5122369802
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.