Likar du å dele erfaringar, finne løysingar saman med andre – og samtidig ha det kjekt på jobb?
Hos oss møter du eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar. Det krev både fagleg tryggleik, godt samarbeid og evne til å sjå mennesket bak sjukdommen. Arbeidsdagen kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Vi lærer av kvarandre, finn løysingar saman og byggjer eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, humor og fagleg styrke.
Stillinga er knytt til avdeling for eldremedisin og gir deg ein variert kvardag med arbeid både på eldremedisinsk poliklinikk og sengepost i alderspsykiatri. Om lag 70 % av stillinga er på poliklinikk og 30 % på sengepost, med arbeid kvar tredje helg.
Vi legg til rette for fagleg utvikling og er positive til vidareutdanning der det er mogleg.
👉 Takk for at du tok deg tid til å lese om stillinga. Kjenner du at dette kan vere noko for deg, håpar vi du sender oss ein søknad.
Hos oss får du mellom anna være med på:
Du må ha:
Det er ein fordel med:
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskaper blir vektlagde.
Hos oss får du:
Doreen Halleland, Avdelingsleiar, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5080219516
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.