Vi har ledig vikariat i om lag 75 % nattstilling ved Godøy bukollektiv og Vigra omsorgssenter frå 17.08.2026 til medio februar 2027.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Oppgåver kan bli endra ut frå behov.
Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034
Helen Gjerde, nestleiar, 90249808
Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630
Reset 14
6040 Vigra
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5126593423
Stillingsprosent: 75%
Vikar
Søknadsfrist: 26.05.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.