Vil du gjere ein forskjell for barn og unge som treng oss aller mest? 🌼
Vi har no ei ledig 100 % fast stilling i tredelt turnus, med hovudsakleg dag- og kveldsvakter, samt nokre nattevakter i døgnposten. Her på BUP møter du barn og ungdom i krevjande livssituasjonar, og du spelar ei viktig rolle i å skape struktur, tryggleik og håp i kvardagen deira.
Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett med både familie og nettverk rundt pasientane.
Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming og ser etter kandidaten som ønskjer å vere ein del av dette fagmiljøet.
👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg! Vil du vite meir? Ta kontakt på telefon eller e-post.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar som passar godt i møte med barn, unge og familiar vil bli vektlagd.
Hos oss får du:
Marit Elise Lier, Funksjonsleiar, 52732850
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, +47 52732800
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850, lene.elisabeth.nordtveit@helse-fonna.no
Vinjes gate 10
5522 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5121634191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.