Telemark Bilruter er i sterk utvikling og satsar offensivt på større og langsiktige kundeleveransar, med datasenteret i Fyresdal som ein sentral del av satsinga. No søkjer vi ein kommersiell og relasjonssterk kundeansvarleg som får eit strategisk ansvar for dei viktigaste kundane våre, og som vil bidra tett saman med leiargruppa i ein organisasjon i endring.
Som Key Account Manager for strategiske kundar blir du verksemda sitt viktigaste kontaktpunkt mot utvalde kundar. Du får eit heilskapleg ansvar for kundeforhold, kontraktar og resultat, og vil jobbe tett med drift, trafikkleiarar og leiargruppe for å sikre sømlause og lønsame leveransar. Rolla har eit tydeleg strategisk mandat, er ein del av verksemda si leiargruppe og er sentral for den vidare utviklinga av Telemark Bilruter.
Arbeidsstad: Stillinga har Telemark som hovudnedslagsfelt, med kontorstader i Seljord og Skien. Det må reknast med noko arbeid frå Fyresdal.
For meir informasjon om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med ein av rådgjevarane våre i Skagerak Consulting AS:
Linda Brusletto, Skagerak Consulting – 416 76 428
Cathrine Svendsen, Skagerak Consulting – 926 06 601
For å unngå bedrageriforsøk presiserer vi at vi aldri ber om BankID‑informasjon i søknadsprosessen.
Skagerak Consulting AS er eit unikt, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Vi jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skape varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Arbeidet vårt er basert på ein kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og ein god porsjon sunn fornuft.
Les meir om Skagerak Consulting AS her: www.skc.no
Telemark Bilruter-konsernet byggjer framtida på lokal forankring, solid erfaring og eit tydeleg mål om å skape verdi – både for kundane våre og samfunnet rundt oss. Med strategien for 2025–2027 satsar vi målretta på sterke og langsiktige kundeforhold, berekraftige løysingar og meir smidige og framtidsretta leveransar.
Vi skal vere ein transportpartnar kundane kan stole på, kvar dag. Samtidig utviklar vi verksemda gjennom digitalisering, effektiv samhandling og tett dialog mellom kundar, drift og leiing. Med røter i Telemark og blikket retta framover, tek vi ei aktiv rolle i utviklinga av regionen og tenestene våre.