Os vidaregåande skule tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag. I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagt opplæring. Skulen har om lag 500 elevar og 105 tilsette.
Skulens elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Vår visjon byggjer på formålsparagrafen til opplæringslova:
Vi jobbar med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.
Gjennom skuleåret treng skulen ein eller fleire tilkallingsvikarar som kan arbeida som fagarbeidar i tilrettelagde elevgrupper. Vikarane vert tilkalla om fagarbeidarar vert borte frå arbeid eller om skulen mellombels må auke bemanninga i korte periodar. Fagarbeidarane skal arbeida i mindre grupper med inntil åtte elevar og i samarbeid med fleire fagarbeidarar og lærarar.
Skulen tek atterhald om at trongen ikkje vert endra fram mot skulestart. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Lars Arne Nilssen, avdelingsleiar, 93897988
Kolskogheiane 14
5210 Os
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5006766935
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.