Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsveke.
I denne rolla vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband på Sunnmøre og i Romsdalen etter behov. Arbeidskvardagen blir
variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er
erfaren, dyktig og trygg i rolla. Du må kunne tilpasse deg
endringar og nye situasjonar, og ha evna til å ta raske og gode avgjerder når
det trengst. Erfaring fra og forståelse for fergenæringa er ein stor fordel. Du vil ha eit visst leiaransvar for øvrig bestning av ambulerande, beståande av ein maskinsjef og ein matros i første omgång.
For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.
Stillinga er eit engasjement i 1 år med moglegheit for fast tilsetting. Oppstart august/september.
Søkar må bu lokalt.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Kjøpmannsgata 26
6060 Hareid
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5128267148
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.