Er du den som ser løysingar framfor avgrensningar, som står opp for det du meinar og tek ansvar for eigen arbeidskvardag?
Vi søker helsepersonell med høgskuleutdanning som ynskjer moglegheita til å snakke med, støtte og motivere brukarane våre, samtidig som du får jobbe på systemnivå. Er du den vi ser etter?
Bu- og habilitering har ledig vikariat, 100 prosent som miljøterapeut i seksjon båre, der 20% av stillinga er knytt til fagkoordinatorolla. Vikariatet er ledig frå 03.08.2026, men det kan vere aktuelt med tidlegare oppstart. Vikariatet er ledig til 31.03.2027, med mogleg forlenging.
Seksjon båre inngår som tre seksjonar i avdeling bu og habilitering, og høyrer til sektor helse- og meistring i kommunen. Bu og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettingar som har behov for bistand i eigen heim.
Arbeidet er for tida i todelt turnus og har 35,5 timers arbeidsveke. For tida er det arbeid kvar fjerde helg. Arbeidstida kan organiserast på lange vakter i turnus, og ein fast dag i veka er knytt til fagkoordinatorrolla.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Det er krav om førarkort klasse B.
Vi legg vekt på at søkjaren er personleg eigna for stillinga.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Marita Zahl Tarberg, Seksjonsleiar, +47 70081300, marita.zahl.tarberg@heroy.kommune.no
Sjukeheimsvegen 6
6092 FOSNAVÅG
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5091918331
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 08.05.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !