Sirdal kommune treng tilkallingsvikarar til:
Som tilkallingsvikar i skulen vil du kunne ta del i alle sider ved det daglege arbeidet i skulen og skulefritidsordninga. Dei konkrete behova vil variera frå skule til skule.
NB: Det vil ikkje bli sendt ut svarbrev til søkjarane, ut over ein automatisk stadfesting av motteken søknad.
Når det er behov for vikarar vil søkjarlista bli vurdert, og aktuelle søkjarar vil bli kontakta av den enkelte skulen.
Søknaden vil vera gyldig ut skuleåret 2025-2026.
Det blir kravd at alle som skal arbeida i skulen, må levera politiattest.
For nærare opplysningar ta kontakt med:
Tonstad skule: Marianne Rossebø Kjørmo, tlf. 906 36 067
Sinnes skule: Kristina Smedegård, tlf. 906 92 706
Sirdal voksenopplæring: Gry Iren Josdal, tlf. 992 62 263
Link til søknadsskjema:
Søk herSirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal fin du eit trygt og godt oppvekstmiljø med mange kultur- og fritidstilbod.
Spesielt er høvene for friluftsliv unike både sommar og vinter. Kommunen har eit godt utbygd tjenestetilbod på alle områder, med bla. ny skule og full barnehagedekning.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.