Vil du vere med å skape magiske dagar i dei flottaste omgivelsene på Askøy? 🌟
Træet skule SFO søkjer assistent / fagarbeidar i 50 % fast stilling med oppstart 1. august. Arbeidstida vil vere frå ca. kl. 13:00 til 16:30.
Er du ein trygg vaksen som elskar høgt tempo, leik, og som trivst like godt ute i austrande regn som i solskin? Da er det kanskje akkurat deg vi leitar etter!
Træet skule SFO er eit lite, oversiktleg og fantastisk samansveisa fellesskap. Hos oss er vi i dag 4 tilsette som samarbeider tett om rundt 45 herlege barn. Det gjer at vi blir utruleg godt kjende, har eit nært og godt arbeidsmiljø, og har rom for å sjå kvart enkelt barn kvar einaste dag.
Vi er så heldige at vi er omkransa av eit heilt unikt og nydelig naturmiljø. Utearealet vårt er ein draum for både store og små, og vi brenn for å bruke naturen og nærområdet aktivt i kvardagen.
Kva gjer oss spesielle?
Vi er opptatte av korleis vi møter barna. Hos oss jobbar vi medvite med å støtte den emosjonelle, sosiale og kognitive utviklinga til barna gjennom trygge relasjonar og gode rammer. Ein trygg Olweus-SFO som jobbar systematisk og målretta for å skape eit trygt og godt oppvekstmiljø fritt for mobbing. Vi vaksne er aktive og synlege rettleiarar som støttar barna i positiv samhandling og inkluderande leik.
Eventuelle vitnemål og attester skal legges inn som vedlegg til søknaden.
Aina Waage, Konstituert rektor, +47 56 15 55 77
Berlandsvegen 41
5314 Kjerrgarden
Arbeidsgiver: Askøy kommune
Referansenr.: 5144693936
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 26.06.2026
Askøy kommune er med våre rundt 30.000 innbyggere og 2000 medarbeidere en av de største kommunene og arbeidsplassene i Vestland fylke. Askøy ligger nordvest for Bergen, og det tar kun 15 minutter å kjøre fra Bergen sentrum til kommunesenteret Kleppestø. Det er også enkelt å reise kollektivt med hurtigbåt eller buss.
Sammen jobber vi for å gi øyens innbyggere et godt bomiljø med gode helse- og velferdstjenester, oppvekst- og utdanningsmuligheter, og kultur- og fritidstilbud.
For at vi skal kunne løse oppgavene våre best mulig trenger vi medarbeidere med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiver. Vi ser på mangfold som en styrke, og oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke.