I butikken vår på Stord er vi eit team med dyktige ekspeditørar som kvar dag jobbar for å sikre det beste kundemøtet. Vi søkjer ein serviceorientert, blid og engasjert kollega til å utfylle teamet vårt – er dette deg?
Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 11 timar i gjennomsnitt per veke. Saman med kollegaene dine skaper du gode kundeopplevingar, og de jobbar best saman som lag!
Vi er først og fremst hyggjelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Kai Rune Olsen på tlf. 934 51 708 eller e-post kai.rune.olsen@vinmonopolet.no viss du har spørsmål om stillinga.
Søknadsfrist: 03.05.26
I Vinmonopolet har vi eit sterkt fokus på samfunnsansvar og ansvarleg sal av alkohol. Vi er medvitne om å skape ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn.
Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.
Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern
(https://www.vinmonopolet.no/personvern)
Vinmonopolet er samfunnets viktigste virkemiddel for ansvarlig salg av alkohol. Vi er verdens største vinbutikk med drøyt 35 000 produkter og har enerett på salg av vin, brennevin og sterkøl. Med på laget har vi over 2 000 stolte, engasjerte og dyktige medarbeidere fordelt på nærmere 350 butikker, kundesenter, netthandel og administrasjon. Vi er på jakt etter deg som vil være med å opprettholde vårt gode omdømme og bidra til at vi forblir en faghandel i verdensklasse.Dette gjør vi gjennom kundemøter preget av fagkunnskap, god service og ansvarlighet. I tillegg vil du være en viktig brikke inn i arbeidet med å gjøre Vinmonopolet til en foregangsvirksomhet på bærekraft. Vi skal være rå på fag, stolt hver dag og best sammen som lag.