Ønskjer du å gjere ein forskjell for menneske i ulike livssituasjonar? Sunnfjord kommune treng fleire tilkallingsvikarar i heile kommunen, og vi leitar no etter deg som vil bidra til gode, trygge og meiningsfulle kvardagar for innbyggjarane våre.
Som tilkallingsvikar blir du ein viktig ressurs når behovet oppstår. Du får varierte arbeidsdagar, nye erfaringar og moglegheit til å utvikle deg i ei spennande og samfunnsnyttig rolle.
Vi har behov for tilkallingsvikarar i alle geografiske område i Sunnfjord kommune. I søknaden ønsker vi at du skriv kvar i kommunen du kan tenke deg å jobbe, slik at vi kan kople deg til rett eining og arbeidsstad.
Vi kontaktar aktuelle søkarar og lagar avtalar fortløpande, så ikkje vent med å sende inn søknad!
Du søker elektronisk.
Link til søknadsskjema:
Søk herSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.