Vil du jobbe med menneske – og gjere ein forskjell i kvardagen?
Sykkylven kommune treng dyktige og engasjerte tilkallingsvikarar i helse- og omsorgstenestene våre.
Som vikar hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag, varierte oppgåver og sjansen til å utvikle deg i eit fagleg sterkt og inkluderande miljø.
Vi tek imot søknader fortløpande – og aktuelle kandidatar blir kontakta ved behov.
Kvar kan du jobbe?
Vi har behov for vikarar innan fleire einingar. Skriv i søknaden kva område du ønskjer å jobbe i:
Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS)
Helsehuset
Bu- og rehabiliteringstenestene
Søkjer du på fleire område?
Lag gjerne ei kort prioriteringsliste, slik at vi enklare finn det som passar best for deg.
Arbeidstid og stillingsstorleik
Oppgi gjerne kva tider og periodar du kan jobbe. Tilsettingsform og stillingsstorleik vil variere etter behov.
Politiattest
Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Nina Hovdenakk, avdelingsleiar BUAS natt, 90580264, nina.hovdenakk@sykkylven.kommune.no
Eli Hustad Digernes, avdelingsleiar kjøkken, 90292029, eli.hustad.digernes@sykkylven.kommune.no
Trine Garshol, avdelingsleiar Ura, 90776577, trine.garshol@sykkylven.kommune.no
Linda Søvik, avdelingsleiar heimebasert omsorg natt, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no
Janne Midtlid, Avdelingsleiar BUAS institusjon, 99227466, janne.midtlid@sykkylven.kommune.no
Anne Britt Kurseth, avdelingsleiar Heimebasert omsorg, 48123591, anne.kurseth@sykkylven.kommune.no
Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS sone 2, 95947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no
Vanessa Lyshol, Avdelingsleiar Barne og avlastingsbustad, 94156291, vanessa.lyshol@sykkylven.kommune.no
Randi Lindvik Kvam, avdelingsleiar Klokkerhaugen, 46865387, randi.lindvik.kvam@sykkylven.kommune.no
Kristine Bjørnestad, avdelingsleiar BUAS korttid/rehab, 99494743, kristine.bjornestad@sykkylven.kommune.no
Lillian Urtegård, avdelingsleiar BUAS sone 1, 95948039, lillian.urtegard@sykkylven.kommune.no
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5047868745
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.