Bu- og habiliteringseininga i Ulstein har ledig fast nattevaktsstilling for ein helsefagarbeidar.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn og oppfølging av bebuarar gjennom natta
- Sikre ro og tryggleik i bustaden
- Handtering av uforutsette situasjonar
- Dokumentasjon i gjeldande journalsystem (Gerica)
- Utføring av enkle praktiske oppgåver ved behov
- Målretta miljøarbeid i tråd med vedtak og planar
- Samarbeid med pårørande og andre tenester
- Bidra til fagleg utvikling i eininga
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
- Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar
- Erfaring med miljøretta arbeid er ein fordel
- Erfaring frå nattarbeid er ønskjeleg
- Erfaring med, eller kjennskap til, arbeid etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel
- Gyldig politiattest skal framleggjast ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Gode observasjonsevner og vurderingsevne
- Ro, stabilitet og pålitelegheit
- Evne til å skape tryggleik og gode relasjonar
- Du som blir tilsett må kunne handtere uforutsette hendingar og endringar i arbeidssituasjonen
Vi tilbyr
- Eit fagleg godt arbeidsmiljø
- Opplæring og rettleiing
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Lønn etter gjeldande tariff
- Tillegg for nattevakter kr. 20 per time.
Kontaktinformasjon
Aase Djupvik, Einingsleiar 5, +47 48168222
Arbeidsstad
Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommune
Referansenr.: 5142919347
Stillingsprosent: 91%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 22.06.2026