Vil du vere med å utvikle betre, smartare og meir samanhengande kommunale tenester med hjelp av digitalisering og teknologi?
Søre Sunnmøre IKT søker to rådgivarar innan tenesteutvikling og kommunikasjon. Du blir del av eit fagmiljø som jobbar tett på både teknologi, menneske og organisasjon og som har handlingsrom til å påverke.
Vi ser etter deg som likar å få ting til å skje saman med andre. Du treng ikkje kunne alt, men du må vere nysgjerrig, strukturert og god til å omsette behov til praktiske løysingar.
Som rådgivar hos oss vil du drive utviklings- og digitaliseringsarbeid saman med kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta. Arbeidskvardagen er variert, og du får fridom til å forme rolla ut frå kompetanse, interesse og behov i kommunane. Du vil samarbeide tett med både drift, brukarstøtte og alle kommunane.
Du blir ein del av avdelinga tenesteutvikling og innovasjon. Vi er eit lag på 6 personar som fungerer som bindeledd og pådrivarar på tvers av kommunane. Vi ser etter deg som vil komplettere og styrke laget, med ny kompetanse, erfaring eller perspektiv. Rolla vil utvikle seg over tid, og du får vere med å forme både arbeidsoppgåver og retning.
Arbeidsoppgåvene vil variere og kan mellom anna vere
Vi ser etter deg som følgande kvalifikasjonar:
Vi håper også at du har ein eller fleire av desse også:
Vi ser etter deg som
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Monica Cecilie Torp, Avdelingsleiar, +47 90743207
Nedre Dragsund 2
6080 GURSKØY
Arbeidsgivar: Ulstein kommune
Referansenr.: 5126789782
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2026
Søre Sunnmøre IKT er eit interkommunalt IT‑ og digitaliseringssamarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta. Vi er eit lite, kompetent fagmiljø med 24 tilsette, organisert i avdelingane drift, brukarstøtte og tenesteutvikling og innovasjon.