Avdelingsleiar Svingen og Reini
Ynskjer du å vere med på å byggje opp eit nytt, fagleg sterkt og trygt tilbod for barn og unge i Vinje Kommune?
Vinje kommune etablerer Reini avlastningsbustad- eit nytt heildøgnstilbod for barn og unge med omfattande og samansette behov. Bustaden skal gje trygge, føreseielege og individuelt tilpassa omsorgstenester til barn, unge og unge vaksne.
Reini avlastningsbustad er organisert under tenesta for funksjonshemma i Vinje kommune, og skal utviklast til eit fagleg sterkt og fleksibelt tilbod med vekt på:
Tilbodet rettar seg mot barn og unge med mellom anna utviklingshemming, autismespekterforstyrringar og andre samansette utfordringar.
Me søkjer no etter ein engasjert og fagleg sterk vernepleiar som ynskjer å vere med på å byggje opp eit trygt, meiningsfullt og utviklande tilbod.
Me samarbeider på tvers av avdelingar for å sikre eit godt og fagleg sterkt tilbod. Som ein del av teamet vil du få ein variert arbeidskvardag, der du jobbar både ved Reini avlastningsbustad og ved Svingen. Her møter du vaksne personar med ulike behov, og du får bruke kompetansen din i både institusjon og omsorgsbustader
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Hos oss får du meir enn berre ein jobb– du får vere med å skape noko nytt. Du blir ein del av eit fagmiljø i utvikling, der relasjonar, tryggleik og gode opplevingar for barn og unge står i sentrum.
Her får du bruke både fagkunnskap, kreativitet og menneskeleg varme i kvardagen!
Me tilbyr:
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no
Vinjevegen 192
3890 VINJE
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5137892042
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!