Vil du vere med og forme Bygland kommune?
Kommunalområdet Samfunn i Bygland kommune omfattar om lag 20 årsverk og har ansvar for plan, byggjesak, oppmåling, teknisk drift, landbruk, næring samt drift (vedlikehald og reinhald). Samfunnsavdelinga er nyleg omorganisert, og vi legg stor vekt på teambasert arbeid og samarbeid på tvers av fagområde. Du må trivast med utfordringar og ansvar, vere lærevillig og ha god arbeidskapasitet.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende og gode høve til å påverke. Du vil arbeide med heile planprosessen, frå kontakt med grunneigarar og samspel med politisk nivå, til gode interne prosessar i Samfunnsavdelinga og elles i kommunen. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å skrive føresegner, utarbeide plankart ved hjelp av kommunen si programvare, samt å forstå samanhengen mellom planlegging og anna relevant lovverk.
Vi ber alle søkjarar leggje ved dokumentasjon på utdanning, attestar og vitnemål i søknaden. Dokumentasjonen vert brukt til å stadfeste kvalifikasjonane som går fram av CV, og ved lønsfastsetjing.
Opplysningar om søkjarar kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om fritak frå offentlegheit. Dersom fritak ikkje kan innvilgast, vil søkjaren verte varsla (jf. offentleglova § 25).
eller anna relevant høgare utdanning.
Det er ønskjeleg med:
Er samfunnsengasjert og har interesse for samfunnsutvikling.
Aslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675
Sentrum 18
4745 Bygland
Arbeidsgiver: Bygland Kommune
Referansenr.: 5121407842
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2026
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.