Vikarierande avdelingsleiar barnehage Hovden
Ynskjer du å vere ringevikar ved Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Dalsøyra og Hovden barnehage og/eller SFO?
Dalsøyra barnehage og skule har behov for å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere ringevikar i Dalsøyra og Hovden barnehage, og/eller SFO. Dersom du ynskjer å vere disponibel som ringevikar, er du ikkje forplikta til å seie ja til oppdraga du vert tilbudd, men du vil stå på ei liste, slik at du kan verte kontakta ved behov. Du takkar altså ja eller nei til konkrete vakter. Du vil få opplæring og oppfølging etter behov. Alle som arbeider ved eininga må levere tilfredsstillande politiattest før oppstart. Dersom du tenkjer dette verkar interessant kan du anten sende inn ein søknad ved å gå inn på på "søk her", eller ta kontakt direkte med kontaktpersonane i annonsen.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.