UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Museet har også ansvaret for to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 155 årsverk. Nærare informasjon finn du her: https://www.uib.no/universitetsmuseet
Fornminneseksjonen har ansvar for sakshandsaming etter lov om kulturminne og forvaltingsinitierte utgravingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt, som omfattar Vestland og Sunnmøre. I tillegg er seksjonen delegert ansvar for forvaltinga av bergkunstlokalitetar innanfor sitt forvaltingsområde. Universitetsmuseet har for feltsesongen 2026 behov for personell til arkeologisk feltarbeid. Feltsesongen strekkjer frå midten av februar til november.
Tilsetjingane vil vere av ulik lengd og kan omfatte deltaking i fleire prosjekt. Alle søknader blir vurderte som generelle, det vil seie at dei kan nyttast for alt feltarbeid innanfor det tidsrommet søkjaren har oppgitt at hen kan arbeide. Det er likevel ønskjeleg at søkjaren gjer greie for faglege og/eller tematiske prioriteringar i søknadsbrevet. Søkjarane må ha relevant arkeologisk utdanning. Tildeling av arbeid skjer på bakgrunn av prosjekta sine behov, vurdert opp mot søkjaren si felterfaring, spesialkompetanse og faglege kvalifikasjonar.
For alle stillingane gjeld
Vi søkjer engasjerte og
fagleg medvitne medarbeidarar som kan arbeide i team, tidvis under krevjande feltforhold. Det blir lagt vekt på evne og vilje til å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.Feltarkeolog (stillingskode 1085, avdelingsingeniør)
Arbeidsoppgåver:
Feltleiar (stillingskode 1087 overingeniør)
Arbeidsoppgåver:
Feltarkeolog (stillingskode 1085, avdelingsingeniør)
Kvalifikasjonskrav:
Feltleiar (stillingskode 1087 overingeniør)
Kvalifikasjonskrav:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonssjef Morten Ramstad, tlf. 55 58 49 44,
406 10 070, e-post:
morten.ramstad@uib.noMangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknaden skal innehalde
Det er viktig at du i søknaden oppgir kva stillingskategoriar du søkjer på. Spesifiser gjerne faglege interesser og opplys nøyaktig om kva tidsrom du kan arbeide. Vi ber også om at du opplyser om du har førarkort og om kompetanse innanfor digital innmåling og Intrasis. Opplys gjerne også om andre forhold som kan vere av betyding. I samband med tilsetjing blir det gjennomført lønsplassering, og utdanning og relevant arkeologisk praksis må difor dokumenterast.
Feltarbeid blir tildelt fortløpande gjennom heile feltsesongen etter kvart som nye prosjekt kjem inn. Tiltreding kan skje frå februar og utover i sesongen. Universitetsmuseet planlegg å avvikle fellesferie i juli, og det vil berre unntaksvis vere feltaktivitet i denne perioden.
Vi tek imot søknader gjennom heile sesongen fram til 23. oktober 2026. Dei som får tilbod vil bli kontakta. Send berre éin søknad, men oppdater gjerne informasjon gjennom sesongen dersom det skjer store endringar i forhold til CV og tidsrom du kan arbeide. Oppdatering kan sendast til: post@fms.uib.no.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her