UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det samfunnsvitskapelege fakultet, Institutt for politikk og forvaltning, er det ledig ei midlertidig fulltidsstilling som forskar for ein periode på 2 år. Stillinga er knytt til prosjektet RAISE: Monitoring Hub for Mapping and Surveying Responsible Artificial Intelligence and Societal Engagement in the Nordic Region, finansiert av Nordforsk-programmet Responsible Use of Artificial Intelligence.
RAISE undersøkjer korleis kunstig intelligens (KI) påverkar avgjerder, skjønsutøving og tilliten til offentlege institusjonar i Norden. Prosjektet tek utgangspunkt i eit samfunnsvitskapeleg rammeverk for ansvarleg bruk av KI, med vekt på «digital verdigheit», rettvis representasjon, anerkjenning og innbyggjarinvolvering. Gjennom kartlegging og komparative analysar av KI-bruk på tvers av sektorar og land utviklar prosjektet ny kunnskap om korleis KI inngår i og omformar offentleg forvaltning og styring. Prosjektet kombinerer empirisk kartlegging med teoretisk utvikling og legg særleg vekt på implikasjonar for demokrati, forvaltningspraksis og legitimitet. Som ein del av arbeidet blir det etablert ei felles nordisk plattform for å analysere, overvake og synleggjere korleis KI påverkar offentleg sektor.
Forskaren skal arbeide saman med prosjektleiaren om å ferdigstille forskingsoppgåver i RAISE-prosjektet og vil vere ein del av det nordiske prosjekt-teamet. Det er forventa at forskaren skal ha Bergen som arbeidsstad.
Arbeidsoppgåvene vil omfatte å:
Bidra til formidling frå prosjektet og prosjektresultata til relevante målgrupper.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 1. september 2026.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Lise H. Rykkja, e-post: lise.rykkja@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.