Som sjukeheimslege har du ei sentral rolle i det medisinske tilbodet ved sjukeheimar i kommunen. Du vil arbeide tett saman med eit tverrfagleg team beståande av leger, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og leiing.
Stillinga er eit 100% vikariat med oppstart 01.06.2026 eller etter avtale.
Vikariatets varighet 01.06.2025-30.09.2026
Medisinsk ansvar for pasientar ved sjukeheimar i kommunen
Undersøking, diagnostikk, behandling og oppfølging
Samhandling med pårørande, spesialisthelsetenesta og interne faggrupper
Dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk
Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid i tenesta
Norsk autorisasjon som lege
Gjennomført LIS1-teneste (turnus)
Interesse for sjukeheimsmedisin, palliasjon, geriatri og/eller allmennmedisin.
Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit krav
Gode kommunikasjonsevner – skriftleg og muntleg
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Eit godt og støttande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
Tverrfagleg samarbeid i veldrivne institusjonar
Opplæring og moglegheiter for fagleg utvikling
Arbeidstid dagtid vekedagar. Moglegheit for å delta i sjukeheimslegevakt ved interesse.
Konkurransedyktige vilkår, gode lønsvilkår
Sjukeheimar i Øygarden kommune
For spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt:
Namn: Stein-Inge Stigen
Stilling: Kommuneoverlege
Telefon: 55097226
E-post: stein.stigen@oygarden.kommune.no
Link til søknadsskjema:
Søk herØygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.