UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAI forskningsgruppa for porøse medier ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i berekningsorientert matematikk for geovitenskap.
Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til prosjektet Geothermal Energy and Lithium Co-production: Multiphysics Modelling, Experimentation and Simulation (GeoLit)” finansiert av Forskningsrådet.
Det betydelege innhaldet av litium (Li) i geotermisk formasjonsvatn, kombinert med aukande etterspurnad etter Li, opnar for samproduksjon av geotermisk energi og Li. Potensialet for slik samproduksjon gjennom heile levetida til eit undergrunnsreservoar under produksjon, inkludert verknaden av reinjeksjon av produsert formasjonsvatn tappa for varme og Li, i heterogene og oppbrotne reservoar, er framleis uklårt. GeoLit har som mål å utvikle matematiske modellar, realistiske geokjemiske eksperiment og numeriske metodar som trengst for å vurdera potensialet for samproduksjon av geotermisk energi og Li frå undergrunnsreservoar. Dette krev utvikling av spesialiserte simuleringsverktøy for termisk komposisjonell fleirfaseflyt, fasefordeling og reaktiv transport i oppsprukne porøse media.
Den som får stillinga, vil bli ein del av forskingsgruppa for porøse medium og GeoLit-prosjektteamet og bidra i prosjektet sine forskingsaktivitetar. Relevante arbeidsoppgåver omfattar matematisk modellering og utvikling og implementering av numeriske metodar for reaktiv termisk fleirfase straum, og undersøking av case som er relevante for å forstå prosessar i reservoaret. Programvareutviklinga vil byggje vidare på det open kjeldekode-rammeverket PorePy (github.com/pmgbergen/porepy), som blir utvikla i forskningsgruppa for porøse medium og allereie har funksjonalitet for modellering av termisk komposisjonell fleirfaseflyt og kopla prosess-struktur-interaksjon i oppsprukne porøse media.
I vurderinga av kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking og motivasjonen deira for å søkje på stillinga bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Inntil 10 % av arbeidstida kan bli sett av til anna karrierefremmande arbeid, som til dømes undervisning ved Matematisk institutt. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor og prosjektleiar Inga Berre eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no, eller + 47 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.