Seksjon ØNH og kjevekirurgi SNR søker vikar for sjukepleiar på ØNH/kjeve poliklinikken på SNR Hjelset frå snarast og til 27.12.2026.
Poliklinikken kan tilby eit variert og interessant arbeid inkludert skiftestue og akutt hjelp. Du vil bli ein del av eit team med fem sjukepleiarar og ein assistent. Det er for tida ni legar og ein oralkirurg knytt til poliklinikken. Kun dagarbeid måndag til fredag.
Arbeidsoppgåver
- ØNH poliklinikk med søvnregistrering, allergitesting/desensibilisering, skopiar mm. samt reinhald av utstyr mm.
- Assistere på mindre kirurgiske prosedyrer
- Kjevekirurgisk poliklinikk og operasjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Tidlegare relevant erfaring vil bli vektlagd
- Gode norsk-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og samarbeidsvillig
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Benny Blomkvist, Seksjonsleiar (lege), Benny.Blomkvist@helse-mr.no
Arbeidssted
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5120939638
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 25.05.2026
Sluttdato: 27.12.2026
Søknadsfrist: 20.05.2026