Sogndal kommune søkjer driftsoperatør til fast 100 % stilling i teknisk driftsavdeling for veg- og grøntanlegg. Hos oss får du varierte dagar ute i frisk luft, der du både får bruke maskiner og bidra til at parkar, vegar og grøntområde er fine og tilgjengelege for alle.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil alltid bli varsla før eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837