Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.
Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!
Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr
Vi har ledig:
Stillinga er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart 1. juni eller etter avtale.
Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Det kan også vere mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, +47 70105885, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no
Kjersti Ulset Lade, Konst. seksjonsleiar, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5112407693
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 29.08.2027
Søknadsfrist: 19.05.2026