Du trivst med å leie eit team, byggje relasjonar og skape opplevingar born og ungdom
aldri gløymer. Du ser potensialet i kvart enkelt menneske — og du veit at
fellesskap og tru veks best saman.
Volda kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert kateket/kyrkjelydspedagog i 100% stilling. Her får du leie eit dedikert undervisningsteam og sette varig preg på den kyrkjelege opplæringa i heile Volda kommune.
Som kateket er du fagleg leiar for undervisningsarbeidet og opplæringsteamet – eit team beståande av kateket og to medarbeidarar i deltidsstillingar på til saman 70%. Du samarbeider tett med staben og frivillige, og får ansvar for å utvikle og fornye plan for Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) for alle sokna i fellesrådsområdet.
Hovudoppgåvene dine vil vere:
Volda ligg vakkert til i søre Sunnmøre med fjordar, dalar og fjell rett utanfor døra. Her bur om lag 11 000 innbyggjarar, og byen er kjend som ein livleg skulestad med vidaregåande skule og høgskule med 4500 studentar. Gode kommunikasjonar med både buss og fly gjer det enkelt å kome seg rundt.
Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Politiattest må liggje føre før tilsetting. Tilsettinga skjer i samsvar med Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar, gjeldande lovverk og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Det er utarbeidd stillingsomtale for stillinga – ta kontakt om du vil ha ho tilsendt. Vi nyttar intervju som del av vurderinga.
Søknad med CV, vitnemål/attester og referansar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no innan 3. mai 2026.
Lurer du på noko?
Ta gjerne kontakt – vi er glade for ein uformell prat!
Jostein Stråbø, Kyrkjeverje, +47 91663549
Martine Hjertvik Urke, Katetet(kyrkjelydspedagog), 90897340
Rådhusgata 6a
6100 VOLDA
Arbeidsgiver: Volda kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5105763434
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.05.2026
VOLDA KOMMUNE
Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10960 ved årsskiftet og 8130 eller 74% av desse er medlem av Den norske kyrkja.
Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel. Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.
Kommunen har seks sokn, Volda (5752), Hornindal (992),Dalsfjord (583), Kilsfjord (440), Austefjord (265) og Storfjorden (98), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.