Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå 01.06.2026/etter avtale. Stillinga er i utgangspunktet 100%, men dersom ein ynskjer redusert prosent, kan ein skrive dette i søknaden, så kan ein vurdere moglegheitane for dette.
Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra, med i utgangspunktet langvaktturnus, med arbeid kvar 4. helg. Det er lagt opp til fleire "rause" friperiodar i turnusen til denne stillinga, pr. i dag.
Me tilbyr:
- Bonusordning på 50 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i denne stillinga. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt
- Løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus
- Ekstra helgekompensasjon ved gått vakt
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling.
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
- Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
- Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.