Vi søkjer ein person som trivst med allsidig arbeid og har stå-på-vilje. Er du ein positiv og serviceinnstilt person som meistrar norsk både skriftleg og munnleg, og er fylt 18 år, vil vi gjerne høyre frå deg.
Vi søkjer ein person som trivst med allsidig arbeid og har stå-på-vilje. Er du ein positiv og serviceinnstilt person som meistrar norsk både skriftleg og munnleg, og er fylt 18 år, vil vi gjerne høyre frå deg.
Vi søkjer ein engasjert og påliteleg kjøkkenassistent i 100 % stilling fram til 31. desember 2026. Dette er ei flott moglegheit for deg som trivst i eit aktivt kjøkkenmiljø og ønskjer å bidra til gode matopplevingar. Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn søknaden din så snart som mogleg -- vi vurderer kandidatar fortløpande!
Førebuing og enkel tilbereding av mat
Pakking og logistikk
Reinhald og oppvask
Bidra til god flyt og orden på kjøkkenet
Samarbeid med andre tilsette for å sikre kvalitet og effektiv drift
Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
Nye og moderne arbeidslokale
Fokus på Bordgleder og gode matopplevingar
Rask tiltreding
God løn og pensjonsordning
Dagleg serverer Bordgleder mat til om lag 500 personar, frå Rogaland i sør til Romsdalen i nord. Hausten 2024 flytta Bordgleder inn i nye og moderne lokale i Hjellegata 2 i Florø. Vi er eit hektisk kommunalt føretak med base i Florø, og består av 7 medarbeidarar. Hovudkundane våre er bebuarar på institusjon og heimebuande i kommunar, men vi har òg større private verksemder som kundar. Vi er opptekne av å servere god, sunn og variert mat til alle.