Vil du vere med på vinnerlaget og skape helsetenester til våre pasientar i eit spennande fagmiljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Stråleterapiseksjonen i Ålesund har ledig ei 80% fast stilling som sekretær/helsesekretær fra 01.06.26, og eit 100% vikariat frå snarast og til og med 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Ved interne omrokkeringer vil stillingsprosenten kunne endres.
Stråleterapiseksjonen er lokalisert i kreftbygget og er ein del av det onkologiske fagmiljøet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen gir eit fylkesdekkande tilbod innan stråleterapi for pasientar i Møre og Romsdal. Merkantil seksjon er knytt til stråleterapi, men du vil ikkje jobbe direkte med stråleterapi. Som sekretær hos oss, blir du inkludert i eit svært tverrfagleg team og vi yter service både til poliklinikken og sengeposten i kreftavdelinga. Du vil samarbeide både med legar, sjukepleiarar på kreftpoliklinikken, og personale på stråleterapien. Vi roterer på dei fleste arbeidsoppgåvene og du bør vere førebudd på å serve både poliklinikk og sengepost.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ver venleg å oppgi referansar.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kristin Farstad, Seksjonsleiar, 70240058/70106933, kristin.farstad@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5083105153
Stillingsprosent: 80, 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 18.05.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 24.05.2026