Det er ledig 100 % vikariat stilling som fagarbeidar/assistent frå snarast til 01.08.2026 - 31.07.2027
Har du lyst å prøve korleis det er å arbeide i barnehage? Då er det lurt å teste dette ut ved å søkja eit vikariat i Ulvik barnehage.
Link til søknadsskjema:
Søk herUlvik barnehage har fire avdelingar. To avdelingar med born frå 1 – 3 år, og to avdelingar med born frå 3 – 6 år. Det er kring 45 barn i år. Me er i år 16 tilsette, nokre arbeidar deltid.
Barnehagen ligg på Lekve, om lag to km frå sentrum.
Me ligg midt i «smørauga» med lett tilgang til varierte naturopplevingar, gardsbesøk som omfattar både dyrehald og fruktproduksjon, Holmen idrettsarena og Holmen
kulturpark. Me har eit godt samarbeid med Haugesenteret i sentrum samt Brakanes skule.
Fokusområde vårt er: Leik, Kropp, rørsle, mat og helse samt Kunst, kultur og kreativitet.
Hovudmålet vårt er: Barnehagen ein plass der alle trivast!
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.