UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), Det medisinske fakultet, er det ledig ei leiarstilling som administrasjonssjef (100 %) med tilsetjing frå juni 2026, eller etter avtale. Administrasjonssjefen ved IGS rapporterer til instituttleiar og inngår i instituttleiar si leiargruppe.
Instituttet har om lag 290 tilsette frå om lag 30 ulike nasjonar og eit budsjett på om lag 240 mill. kroner i året. Instituttet har forskingsaktivitetar på høgt internasjonalt nivå. Instituttet har seks fagområde (seksjonar), der fagområdeleiar har fagleg- og linjeansvar. I tillegg er IGS vertskap for ei rekke senter, inkludert eit pågåande og eit avtroppande senter for framifrå forsking (SFF). IGS har hovudansvar for fire masterutdanningar og to forskarskular og er sentralt i medisinutdanninga i Bergen. Ei viktig satsing dei neste åra er å utvide den desentraliserte medisinutdanninga (Vestlandslegen) til Førde og Haugesund, i tillegg til Stavanger.
Administrasjonssjefen har personalansvar for tekniske- og administrative stillingar, som i dag inkluderer studiekonsulentar, prosjektøkonomar, forskings-/ph.d.-konsulentar, kommunikasjon, senioringeniørar og generell drift, i alt om lag 25 tilsette. Dette inkluderer å sikre at alle desse tenesteområda fungerer effektivt og oppfyller måla sine. I tillegg har administrasjonssjefen ansvar for å utvikle og implementere administrative system og rutinar for å sikre god kvalitet på tenestene. IGS er i ferd med å tilsetje ny studieleiar, som også vil vere stadfortredar for administrasjonssjef.
Vi ser etter ein positiv og miljøskapande leiar som finn det inspirerande å jobbe i eit miljø med stor breidde. Den vi ser etter, har god kapasitet for sjølvstendig, strukturert og resultatorientert arbeid. Du trivst med eit høgt aktivitetsnivå med varierte arbeidsoppgåver på instituttet, og du har glede av å lukkast saman med andre. Du bør vere grundig og systematisk og samtidig sjå innovative løysingar som kan frigjere kapasitet frå operasjonelle til meir strategiske leiaroppgåver. Dei neste åra vil bruk av kunstig intelligens verte stadig viktigare, og det er viktig at du er nysgjerrig og kreativ når det gjeld denne utviklinga.
Vi søkjer ein person med
Vi ser fram til å høyre frå kvalifiserte kandidatar som er klare til å bidra til å ta instituttet vidare.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Bjarne Robberstad, telefon: 932 88 039, e-post: bjarne.robberstad@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.