Vi treng engasjerte og flinke lærarar til Dingemoen skule. Grip sjansen og bli med på laget!
Dingemoen skule i Fjaler kommune har ledig ei 100 % fast stilling og inn til to årsvikariat i 100 % for skuleåret 26/27:
Vi søkjer trygge og motiverte pedagogar med brei fagleg tyngde.
Det blir lagt stor vekt på om ein er personleg eigna for stillinga
Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.
Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillinga og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å verte unntatt offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Link til søknadsskjema:
Søk herDingemoen skule er ein 1-10 skule som ligg i Dale i Sogn og Fjordane.
Likskap, kunnskap, venskap er visjonen til Dingemoen skule.
Dingemoen ynskjer å vere ein skule med rom for alle og blikk for den einskilde. I den praktiske skulekvardagen legg vi stor vekt på fellesskap, men og at den einskilde skal få oppleve meistring og utfordringar gjennom mangfald i inntrykk og uttrykk, medverknad og medansvar gjennom dialog.
Ved Dingemoen skule arbeider vi for eit læringsmiljø som sikrar:
- tilpassa opplæring for alle, med god balanse mellom utfordring og meistring
- høg fagleg kvalitet, som grunnlag for personleg vekst og vidare skulegong
Vi legg til rette for utvikling av:
- tryggleik, trivsel og medverknad
- lærelyst, kreativitet og kritisk sans
- samarbeid, personleg ansvar og god takt og tone
- godt samarbeid med heimen
Dingemoen skule har:
- nulltoleranse for mobbing, vald og rasisme