Vi søkjer autorisert helsesekretær i 100 % fast stilling.
Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø? Vi søkjer no ein autorisert helsesekretær til fast stilling i 100 %.
Som helsesekretær hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med både pasientkontakt og administrative oppgåver. Stillinga gir gode høve til fagleg utvikling i eit inkluderande og profesjonelt miljø.
Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretæroppgåver for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk.
Vi ser fram til å høyre frå deg. Send oss søknad med oppdatert CV.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Belvira Omic, Seksjonsleiar, (+47) 995 91 403
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5145975071
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.