Sunnfjord legeteneste har legesenter i Førde, Naustdal, og på Sande og Skei. Alle legesentera har knytt til seg helsesekretærar og sjukepleiarar
Arbeidet ved legesentera er varierte og utfordrande. Dei aller fleste oppgåvene vert rullert mellom dei ulike medarbeidarane.
Vi ønsker deg som toler ein variert kvardag, der du må snu deg rundt og hjelpe til slik at arbeidsoppgåvene ved legesenteret vert utført. Som del av kollegiet ved legesentreret er vi avhengig av at du samarbeider og deler kunnskap og erfaring.
Sjølv om jobben krev fleksibilitet, forventar vi likevel at pasienttryggleiken vert tatt i vare ved nøyaktig arbeid og høg fagleg kvalitet.
Du får ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer. Vi har god pensjons- og forsikringsordning.
Politiattest av nyare dato må leverast før tilsetting. Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema:
Søk herSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.