Sunnfjord ØNH søkjer ein dyktig og engasjert audiograf til vår avtalepraksis i Førde. Vi held til i moderne og trivelege lokale sentralt i Førde sentrum, og tilbyr eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitet, samarbeid og god pasientoppfølging.
Autorisert audiograf
Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel, men nyutdanna er også velkomne til å søkje
Gode kommunikasjonsevner
Strukturert og sjølvstendig
Interesse for fagleg utvikling
Serviceinnstilt og pasientorientert
Gode samasrbeidsevner
Positiv og fleksibel
Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Høyrselsundersøkingar (tone- bein- og taleaudiometri)
Tilpassing og oppfølging av høyreapparat
Rådgjeving og rettleiing til pasientar
Oppfølging av pasientar med høyrselsutfordringar
Samarbeid med ØNH-lege og anna helsepersonell
Administrative oppgåver knytt til audiologisk verksemd
Arbeid i moderne og flotte lokale i Apotekargarden
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver
Konkurransedyktige vilkår
Moglegheit for provisjonsbasert lønn
Moglegheit for fagleg utvikling
Sunnfjord ØNH er ein spesialistpraksis innan øyre-nase-hals-faget med avtale i det offentlege. Klinikken har eit stort pasientgrunnlag frå heile regionen og legg vekt på høg fagleg kvalitet og god pasientoppfølging.
Hos oss får du arbeide tett med øyre-nase-hals-spesialist i ein veletablert klinikk med eit breitt pasientgrunnlag.