SAFE24 aukar stadig aktiviteten, og søkjer no etter ein dyktig driftsleiar til å leie den daglege drifta vår i Møre og Romsdal og Nordfjord, med kontorplass på hovudkontoret vårt i Hovdebygda i Ørsta kommune.
Vi søkjer ein engasjert medarbeidar som vil vere med å styrkje vår posisjon som totalleverandør av arbeidsvarslingstenester. Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide i ei verksemd med store ambisjonar, som vert motivert av å leie menneske og som er oppteken av relasjonsbygging.
Som driftsleiar vil du drifte di eiga avdeling og ha operativt- og personalansvar. Avdelinga består i dag av ca. 80 tilsette som jobbar med trafikkdirigering og diverse tenester innanfor fagområdet arbeidsvarsling.
Turnusplanlegging og arbeidsplanar.
Koordinering av oppdrag, medrekna mannskap og utstyr.
Produksjon av arbeidsvarslingsplanar.
Kundekontakt og oppfølging av kontraktar.
HMS-ansvar, samt å byggje god kultur og godt samhald.
Oppfølging av kvalitet og rutiner, og sikre at SAFE24 leverer etter gjeldande kvalitetskrav.
Vedlikehald og klargjering av utstyr.
Enkle løns- og faktureringsoppgåver.
Erfaring frå driftsoppgåver, gjerne relatert til vegarbeid.
Utdanning innan administrasjon og leiing, vegdrift, veg- og anleggsfaget eller transport/drift er eit pluss, men ikkje eit krav. God erfaring kan kompensere for utdanning.
Erfaring med utarbeiding av arbeidsvarslingsplanar.
Gode datakunnskapar.
Kunnskap og interesse for trafikktryggleik og handbok N301.
Gode organisatoriske evner.
Løysingsorientert -- sjå moglegheiter i staden for avgrensingar.
Evne til å sjå og leie menneske.
Moglegheita til å vere med å utvikle ein leiande aktør innan arbeidsvarsling.
Kontorplass på hovudkontoret vårt i Hovdebygda, men moglegheiter for delvis heimekontor.
Høve til fagleg og personleg utvikling i eit selskap i rask vekst.
Nødvendig kursing og opplæring vil bli gitt/dekt av arbeidsgjevar.
Flexitid og trening i arbeidstida.
Konkurransedyktige vilkår.
SAFE24 er eit sikkerheitsselskap som arbeider med trafikkdirigering og vakttjenester i Møre og Romsdal og på Vestlandet. Selskapet har om lag 180 tilsette og er for tida i stor vekst. Vi søkjer difor etter motiverte medarbeidarar som ønskjer å kome inn i eit triveleg og engasjerande arbeidsmiljø.