Er du ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane og vil utvikle profesjonsfellesskapen i skulen? Vil du setje retning og bidra til å utvikle ein framtidsretta vidaregåande skule i Bergen sør?
Slåtthaug videregående skole har drygt 500 elevar og om lag 100 tilsette og tilbyr fire yrkesfaglege utdanningsprogram: helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag. I tillegg har skulen påbygg til generell studiekompetanse (vg3 og vg4).
Skulen har som mål at alle skal få opplæring av god kvalitet på Slåtthaug vgs., anten dei er på veg mot læretida i eit yrkesfag, siktar mot studiekompetanse eller har eit anna mål.
Skulen ønsker at kvar og ein av elevane skal ha ei god og trygg tid på skulen, at dei skal få kjenne at dei utviklar seg, både fagleg og personleg.
Det vil dei næraste åra bli gjennomført eit større rehabiliterings- og ombyggingsprosjekt på skulen.
Ved skulen er det ledig stilling som rektor frå 1. august 2026.
Vestland fylke har 41 videregåande skular. Rektor må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at alle som er kvalifisert for det skal få læreplass.
Vi ønskjer ein tydeleg og inkluderande rektor som vil setje retning, engasjere og samhandle for å utvikle eit framtidsretta skuletilbod og bidra til å oppfylle samfunnsoppdraget. Kompetent, open og modig er verdiane i Vestland fylkeskommune, og desse skal vere grunnlaget for all leiing.Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2.
Leiing
Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg. Ein skole skal leiast av ein rektor. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda. Ein rektor kan leie fleire skolar.
Det er ønskjeleg at du:
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:
Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og direktør for opplæring og kompetanse.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.
Øyvind Helland Oddekalv, områdeleiar, 91317450, oyvind.helland.oddekalv@vlfk.no
Slåtthaugvegen 134
5222 Nesttun
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5110696161
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.