Herøy, Sande og Ulstein kommunar ser etter ein initiativrik og strategisk medarbeidar i 100% stilling. Stillinga skal delta både i det etablerte prosjektet som fremjar samarbeid mellom alle 7 kommunane på Søre Sunnmøre, og arbeide med kommunesamanslåingsprosessane i ytre (Herøy, Sande og Ulstein) og i indre (Ørsta og Volda).
Prosjektet varer ut 2027.
Både kommunane Herøy, Sande og Ulstein og kommunane Ørsta og Volda, har gjort vedtak om å utgreie ei mogleg samanslåing av kommunane. Samanslåingsprosessen følgjer fastsette milepålar, der medverknad og politiske prosessar er viktige element.
Samarbeidsprosjektet tek utgangspunkt i generalistkommuneprinsippet som seier at alle kommunar skal tilby eit likt tenestetilbod. Med ein kombinasjon av små kommunar, spreidd busetnad og stor geografisk avstand, er dette ei utfordring for kommunane våre. Difor vil prosjektet kartlegge, utvikle og iversetje samarbeid på strategisk viktige tenesteområde for å møte desse utfordringane.
Utlysinga er i regi av kommunane Herøy, Sande og Ulstein. Det vil verte gjort ei tilsvarande rekruttering for kommunane Ørsta og Volda. Dei som vert rekruttert, vil jobbe saman om oppgåvene som skal løysast for alle kommunane, saman med prosjektleiar og eining for tenesteutvikling og innovasjon i Søre Sunnmøre IKT (SSIKT).
Dette er ein unik sjanse til å vere med å forme tenestene i framtidas kommune, og til å bidra til berekraftig samfunnsutvikling i regionen. Stillinga kan vere med å påverke både kvardagen til innbyggarane og framtidig kommunal organisering.
Vi ser fram til å høyre frå deg som er klar for ei meiningsfull utfordring i eit samfunnsengasjert og tverrfagleg miljø!
Stillinga rapporterer til prosjektleiar for interkommunalt samarbeid og kommunesamanslåingsprosessane.
Vi ser etter deg som har god forståing av kommuneorganisasjonen og erfaring med endrings- og utviklingsarbeid innan offentleg sektor. Du har evna til å identifisere behov og finne og realisere innovative løysingar, som kan gi betre kvalitet og meir effektiv drift i kommunale tenester.
Personlege eigenskapar vil verte særleg vektlagde.
Utlysinga er i regi av kommunane Herøy, Sande og Ulstein. Kva kommune som vert arbeidsgjevar vert avklara i rekrutteringsprosessen. Næraste leiar vert kommunedirektør i same kommune. Prosjektleiar for kommunesamanslåingsprosessane følgjer opp dagleg drift.
Lønn etter avtale.
Oppstart etter nærare avtale. Stillinga varer ut 2027. Det er mogleg at den kan verte forlenga (dersom det vert gitt vidare tilskot).
Bli med på reisa for å utvikle eit framoverlent Søre-Sunnmøre!
Lars Erling Bjåstad Hovlid, Prosjektleiar, 91635277, lars.erling.bjastad.hovlid@ulstein.kommune.no
Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK
Arbeidsgivar: Ulstein kommune
Referansenr.: 5085843995
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 07.05.2026
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.