Er du serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og trivst med varierte arbeidsoppgåver? No har du sjansen til å bli ein del av vårt dyktige team!
Vi søkjer ein engasjert kjøkkenassistent i 100 % vikariat, i 6 månader. Hos oss står samarbeid og trivsel i sentrum, og vi lagar dei fleste produkta frå grunnen av. Produksjonsmetoden er hovudsakleg kok-server, og vi tilbyr varierte menyar, catering og spanande arbeidsdagar med rullering av oppgåver. Produksjonen går føre seg heile året, 365 dagar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Beate Leite Førde, Seksjonsleiar, Beate.Leite.Forde@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5125011993
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.05.2026