Fjord kommune har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar i Dalsbygda barnehage.
Dalsbygda barnehage ligg sentralt til i bygda Norddal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen er oppdelt i ei småbarnsgruppe 0-3 år og ei storbarnsgruppe 3-6 år. Barnehagen har pr. i dag 4 Barne-ungdomsarbeidarar, 1 barnehagelærar og 1 styrar.
Gjennom kunnskap, engasjement og forståing for barn og barndom i dag, vil oss gjennom samarbeid jobbe for å fremje barna si utvikling gjennom leik, venskapsbygging og medverknad. Å være bevisst og reflekterande over eiga rolle i møte med barn har stor betyding for barna si utvikling og trivsel . Å vere ein god rollemodell, ein støttande vaksen, er utslagsgivande for god grensesetting i barnehagen.
Barndomen har ein eigenverdi, og barnehagen skal ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling.
Aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju
Som tilsett i barnehagen må du kunne arbeide sjølvstendig og er løysingsorientert. Gjerne erfaring frå fagområdet, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje. I barnehagen er det viktig å kommunisere og samarbeide godt saman med kollegialet og ikkje minst barna. Du er ein person som ser dei rundt deg, har godt humør og er rettferdig. I barnehagen er du ungane sin rollemodell med stort ansvar.
Mariann Ringdal Birkhol, Kommunalsjef Oppvekst og kultur, +47 41867830
Rellingsvegen 83
6214 Norddal
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune
Referansenr.: 5125864199
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 22.05.2026
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no