Vil du jobbe med arbeidsinkludering og førebyggje utanforskap blant ungdom i Alver og region Nordhordland? No tilset vi ein rettleiar i 100 % engasjement i inntil 1 år i ungdomsteamet i Nav Alver og region Nordhordland.
Nav har ekstra innsats retta mot ungdom gjennom Ungdomsgarantien, og vi har eit eige team med rettleiarar som følgjer opp unge. I Nav jobbar vi for at menneske skal få høve til arbeid og aktivitet. Vi har stort fokus på inkluderingsarbeid, marknadsarbeid og relasjons- og kommunikasjonsarbeid. Du vil jobbe i tett dialog med arbeidsgjevarar og tiltaksarrangørar.
Nav Alver er ein del av Nav region Nordhordland. Arbeidsstaden er Nav Alver, men som ein del av det regionale ungdomsteamet kan du få oppgåver i heile regionen. Nav Nordhordland er i stadig utvikling, så vi treng deg som likar å lære nye ting og som vil medverke til god utvikling.
Teamet som arbeider med unge er organisatorisk knytt til avdelinga ungdom og integrering i Nav Alver. Avdelinga har ansvar for oppfølging av unge og for busetjing og integrering av flyktningar. Breidda i oppfølgingsarbeidet er stor, og du vil få ein variert arbeidskvardag.
Hos oss får du ein jobb med meining – og ein arbeidsplass der vi heiar på kvarandre, utviklar oss saman og jobbar for eit meir inkluderande arbeidsliv.
Nav sitt oppdrag er å sikre folk tryggleik og støtte dei vidare mot arbeid og aktivitet. Vi jobbar for eit samfunn og arbeidsliv der alle kan bidra. For å lukkast hos oss må du vere ein lagspelar som fungerer godt i samarbeid, men òg ta ansvar sjølv, vere uredd og nysgjerrig på fagleg utvikling. Du må òg trivast med å reise ut til arbeidsgjevarar.
Hos oss får du ein jobb med meining – og ein arbeidsplass der vi heiar på kvarandre, utviklar oss saman og jobbar for eit meir inkluderande arbeidsliv. I søknadsteksten ber vi deg leggje vekt på kva som motiverer deg til å søkje denne stillinga.
Arbeidsoppgåvene kan variere etter behov, både på kontoret og i regionen.
Du må ha
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Karen Aasmyr, Controller og prosessrettleiar, 900 13 845, Karen.Sofie.Aasmyr@nav.no
Vibeke Gjervik, Avdelingsleiar, 40477119, Vibeke.Gjervik@nav.no
Kvernhushaugane 2
5914 Isdalstø
Arbeidsgivar: Nav
Referansenr.: 5096408407
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 04.05.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling