Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell for barn, ungdom og familiar? I barneverntenesta i Bremanger kommune har vi no ledig ei fast 100% stilling som sakshandsamar, og vi håpar du vil bli ein del av laget vårt.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar. Du blir del av eit fagmiljø som samarbeider tett, støttar kvarandre og jobbar målretta for å gi barn og familiar tryggleik, utvikling og gode rammer.
Vi ser etter deg som:
Du må også:
Som sakshandsamar i barnevernet møter du menneske i sårbare situasjonar, og difor er det viktig at du er ein person som skapar tryggleik rundt deg. Du møter barn, ungdom og familiar med respekt, varme og eit ope sinn, og du klarer å halde roen også når situasjonane er uoversiktlege eller krevjande. Du er god til å lytte, men også tydeleg når det trengst, og du klarer å balansere omsorg med fagleg vurderingsevne.
Du jobbar strukturert og målretta, og du har evne til å sjå både detaljar og heilskap. Samarbeid er ein stor del av kvardagen, så du trivst med å jobbe tett saman med andre fagpersonar – samtidig som du står støtt i sjølvstendige vurderingar. Du er fleksibel, løysingsorientert og har mot til å ta dei vanskelege samtalane når det er nødvendig.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Les meir om ordningane på
https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Anita Brevik, Driftssjef Familie og helse, +47 95982939
Granden 4
6723 Svelgen
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5136500244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!