Alver barnevernsteneste søkjer erfarne og fagleg trygge sakshandsamarar som ønskjer å bruke sin kompetanse i eit aktivt, profesjonelt og utviklingsorientert barnevern. Denne stillinga er spesielt retta mot deg som:
Vi har ei fast 100 % stilling ledig, primært knytt til fosterheimsavdelinga. Det vil også være aktuelt med tilsetting i fleire vikariat, i andre avdelingar.
Sjå garantilønstige i tenesta lengre nede i annonsa.
Vi understreker at dette er ei stilling med betydelig fagleg ansvar.
Relevant vidareutdanning og/eller mastergrad innan feltet vil bli vurdert konkret. Master i barnevern er ein fordel.
Me oppmodar menn og søkarar med annan etnisk bakgrunn til å søkja, med bakgrunn i tenestemottakar sitt behov jf. AML 13-3 og likestillings- og diskrimineringslova § 9 a).
3 års utdanning tilsvarer minimum kr 596 600,-/år + 10 000,- i hht. Alver si garantilønnsstige.
4 års utdanning tilsvarer minimum kr 623 400,-/år + 10 000,- i hht. Alver sin garantilønnsstige
Master tilsvarer minimum kr 693 800,-/år + 10 000,- i hht. Alver sin garantilønnsstige
Personleg eignaheit blir sterkt vektlagt - særleg evna til å vere ein fagleg stabil ressurs i tenesta.
Alver barnevernsteneste er lokalisert i Helsehuset i Knarvik/ Nordhordland. Barnevernstenesta består av tenesteleiar, stab, samt i alt fem avdelingar: mottak – og undersøking, tiltak, fosterheim, veilederteam og miljøteam.
Tenesta har eigen psykolog, eigne juristar og ein samarbeids- og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar. Tenesta som heilskap består av i overkant av 55 tilsette. I tillegg har vi ei eiga akuttberedskap som betener vakttelefon utanom kontortid. Denne ordninga er bemanna av erfarne tilsette i barnevernstenesta.
Som sakshandsamar i Alver barnevernsteneste vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å sikre barn og unge trygge og gode oppvekstvilkår.
Vi jobbar systematisk og kvalitetsrettet, med høg vekt på barn si medverknad og bruk av kunnskapsbaserte metodar. Tenesta er i utvikling og deltek i fleire faglege prosjekt og forbetringsprosessar. Du vil inngå i eit kompetent fagmiljø og får gode høve til fagleg vekst og rettleiing – internt og eksternt.
Tenesta er oppteken av å få inn og behalda godt kvalifiserte tilsette ved å gje god oppfølging, ekstern rettleiing og gode lønnsvilkår.