Me søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter i fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar med ansvar for fagområde, i 2 delt turnus, med ønskja stillingsstorleik på 75-100%. Fagområdet du får ansvar for vert tilpassa din kompetanse, også for nyutdanna. Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. Pleie og omsorg er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar. Sjå gjerne på vår Instagramkonto; #SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Me ser etter deg som:
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.