Vi søkjer engasjerte og kompetente spesialpedagogar, eller pedagogar med relevant vidareutdanning, til ei fast 100 % stilling og eit vikariat i 100 % stilling i den forsterka avdelinga vår i Giske kommune, Basen. Begge stillingane er ledige frå 01.08.2026 og vikariatet gjeld ut skuleåret 2026/2027. Du må oppgi i søknaden dersom du ikkje er aktuell for begge stillingane.
Basen har 11 elevar med ulik grad og type funksjonsnedsetting. Du vil arbeide saman med eit tverrfagleg personale med høg kompetanse og stort engasjement.
Avdelinga er lokalisert ved Valderøy barneskule og starta opp hausten 2025. Vi har elevar frå 1.–10. trinn. Mange av elevane våre er knytte til ordinære klassar ved skulen, og vi er ein aktiv del av fellesaktivitetar på skulen.
Våre satsingsområde er kommunikasjon, fellesskap og læring. Vi arbeider målretta for å gi elevane størst mogleg sjølvstende og meiningsfull deltaking på livets ulike arenaer. Vi er opptekne av å sjå moglegheiter – ikkje avgrensingar.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ut frå behov.
Ragnhild Hauge Steffenssen, avdelingsleiar, 40234503
Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464
Øvstevegen 19
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5125188627
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 21.05.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.